Enivest rettar blikket mot framtida

Tenesteleverandøren Enivest og utvalde kundar vert testpilotar i nytt prosjekt. Målet er eit smertefritt, framtidsretta trådlausnett heime.

Det norske selskapet Eye Networks står bak pilotprosjektet eye@home, der Enivest er ein sentral samarbeidspartnar. Prosjektet kombinerer ei proff heimeløysing for trådlaust nett med ei skybasert teneste som Eye Networks no utviklar for tenesteleverandørar.

Slik får kunden betre dekning og stabilitet, medan Enivest får betre verktøy for kundestøtte, vedlikehald og vidareutvikling av eigne tenester.

Eit vanleg problem for tenesteleverandørar i dag, er nemleg at når kunden er på tråden og seier «internett verkar ikkje», har kundestøtte ikkje gode nok verktøy for sjølve å sjå eller teste kva som er problemet på det trådlause nettet hos kunden.

Enivest i front

Enivest ser at etter kvart som kundane deira koplar til stadig fleire maskiner og dingsar på det trådlause nettet i heimen, kan trådlaustilgongen verte mindre stabil og hastigheita meir ujamn. 

Framover vil stadig fleire ting ha ein komponent som skal kommunisere via nett. Heimenettet må vere smart nok til å tilpasse seg brukarane, tenestene og tinga etter kvart som dei koplar seg på. Slik legg ein til rette for framtidsretta tenester. Enivest vil vere tidleg ute med å skape eit betre tilbod for brukarane.

— Heimenettet skal no handtere filmoverføring, spel, videosamtalar og musikkavspeling i heile huset og gjerne på terrassen – samstundes. Fibernett og andre former for breiband har også gjort sitt til at krava heimebrukaren stiller til trådlausnettet heime har gått rett i vêret dei siste åra, seier Linda Firveld i Eye Networks.

— Det er difor vi satsar på proffe løysingar for heimen, og difor vi utviklar ei tenesteplattform og har dette pilotprosjektet, seier Firveld vidare.

Eye Networks har spesialisert seg på å levere kvalitetssikra nettverksløysingar til tenesteleverandørar i Noreg. Enivest har vore kunde sidan oppstart i 2005 og var eit naturleg val som samarbeidspartnar då Eye Networks starta med utvikling av eigne tenester.

— Enivest er den perfekte samarbeidspartnaren for oss, seier Firveld. 

Ho framhever at Enivest er kjente for sterk evne til innovasjon og eit brennande engasjement for stadig å utvikle gode tenester med gode brukaropplevingar. Storleiken og nærleiken til kundane som Enivest har, bidreg også til å gjere dei særskilt godt eigna for dette pilotprosjektet.

Unikt samarbeid

Prosjektet har også fått med seg professor Josef Noll ved Universitetet i Oslo, ekspert på trådlausteknologi og tryggleik.- Tre aspekt gjer dette prosjektet veldig spanande for oss: Vi får verkeleg stor båndbreidde over den trådlause linken, vi får innsikt i kvar folk flest har problem med trådlausteknologi, og vi opnar opp for nye område å nytte teknologien på med oss som mobile menneske og alle dingsar som vil på nett, seier Noll. 

I tillegg til eye@home-partnarane, samarbeider Eye Networks også tett med AirTies, produsenten av den trådlause heimeløysinga, for å tryggje god og sikker kommunikasjon mellom teknologien i heimen og hjå tenesteleverandøren.

— Det er heilt unikt at vi har så mange ledd i verdikjeda involverte i prosjektet, i tillegg til forskingselementet. Dette er kjempespennande, seier Linda Firveld.

Europa neste

Behovet for tenester som legg til rette for framtidas heimenett, er stort, også utanfor Noreg.

— Vi rettar oss mot ein internasjonal marknad, med Europa som første stopp – etter Sogn og Fjordane, seier Firveld. EyeSaaS er designa og utvikla med tanke på den internasjonale marknaden. Det er naturleg å velje ein norsk samarbeidspartnar under utviklinga, ettersom Noreg ligg svært langt framme når det gjeld bruk av breiband. Det som treff i Noreg, vert implementert eit par år etter i resten av verda. 

Om partnarane i eye@home

Eye Networks AS

Nettverksspesialistar og utviklarar av den nye tenesteplattformen EyeSaaS. Forhandlar av kvalitetssikra nettverksutstyr og -løysingar til norske tenesteleverandørar som Enivest.

Etablert i 2005.

Enivest

Erfaren tenesteleverandør med hovudkontor i Førde. Leverer breiband i regionen til private og bedrifter og har satsa stort på fiber til heimen.

Etablert i 2000.

Universitetet i Oslo ved professor Josef Noll

Professor Josef Noll har spesialisert seg på tryggleik i mobile og trådlause nettverk. På UiO er Noll i Forskingsgruppa for nettverk og distribuerte system ved Institutt for informatikk. 

Noll er også leiar for forskingsprosjektet IoTSec – Security in IoT for Smart Grids og for Basic Internet Foundation.

Om teknologien

AirTies trådlause tilgangspunkt

AirTies Air 4920 er eit trådlaust tilgangspunkt som vert levert i sett med tre eller fleire. Tilgangspunkta opprettar eit nett seg imellom, som gir stabil dekning over fleire etasjer og store flater. Mange problem brukarar opplever med hastigheit, kjem eigentleg av mangelfull dekning. AirTies Air 4920 syt for at kvar dings eller maskin i heimen automatisk koplar til der dekninga vert best.

EyeSaaS skybasert tenesteplattform

Eye Networks utviklar plattformen EyeSaaS og tenesta Pearl for å gi tenesteleverandørar som Enivest betre verktøy. EyeSaaS Pearl vil mellom anna la Enivest halde fastvaren (firmware) på AirTies-boksane oppdatert, hjelpe kundar å feilsøke om det er problem med trådlausnettet, og få innsikt i trafikkmengde og yting på nettet.